Har du ikkje sikra deg kle frå klubbkolleksjonen? Kanskje du har behov for eit julegåvetips eller du berre skulle hatt ei gåve til ein ivrig golfar?
Sandane golfklubb har i samarbeid med vår gode sponsor, Chatlet Sandane, laga ein liten kolleksjon med kle til klubben sine medlemmar.
Utvalget er ei poloskjorte, ein gensar og ei vindjakke frå Craft i junior-, dame- og herrestørrelsar. Fargane vi har valt ut er kvit, svart og navy.
Chatlet Sandane har kolleksjonen inne på butikken, slik at alle kan få sjå, prøve og bestille kle.
Betaling gjer du direkte i Vipps til Sandane Golfklubb, når du hentar klea på butikken.
Prisliste og bilder: